November 20, 2018

October 24, 2018

February 8, 2018

January 25, 2018

Please reload

Siste innlegg

Hvorfor velge Skurdalen?

July 5, 2019

1/5
Please reload

Utvalgt innlegg

Solkraftverk på låvetaket

May 23, 2018

 

Produksjon av solenergi har etterkvart breidd meir og meir om seg rundt om i verda. I Noreg er me sinker på dette feltet, men det kjem gradvis nye anlegg også her, og det er like før det tek av!.

Testanlegg viser at me kan produsera minst like mykje her på våre breiddegrader, som dei gjer nede i Europa.

Intens produktutvikling på solceller og utstyr gjer at utstyret blir stadig meir effektivt, og prisane går ned.

 

Anlegg kan monterast i mange ulike storleikar, alt etter kor mykje plass ein har til montering. Det kan monterast på tak eller vegg, og solcellepanel kjem etterkvart i mange utformingar og farger som kan passa inn kor som helst.

 

For min eigen del fann eg ut at har eg eit låvetak med perfekt himmelretning, bortimot fire timar sol på mørkaste vinteren, samt mykje vind som kan blåsa av snøen.  Sidan eg i tillegg har  usedvanleg stor sans for «dubbedittar»  var det berre og gå i gang!

 

 54 stk panel, à 315W    ca  108  kvm.

 

 

Ut frå arealet på den delen av taket som var best egna, samt dimensjonering av det elektriske anlegget valde eg å gå for eit anlegg som ved optimale forhold vil kunne gi ca 17 kW effekt.

Ut frå berekningar for våre breiddegrader og klima vil eg då kunne forventa  ein årsproduksjon på 17.000 kWh pr år.

Eg fekk god og gratis konsulenthjelp hos leverandøren, og monterte alt sjølv. Autorisert elektrikar må koble det  til strømnettet, og lage ei samsvarserklæring på anlegget så nettselskapet kan vere sikker på at du leverer strøm av god nok kvalitet.

 

 

 

 

 

 

Tips:

  • Eigeninnsats ved montering reduserer kostnaden betydeleg, men det finns mange firma som leverer anlegg komplett ferdigmontert.

  • Interessant, moro og miljøvenleg!

  • Enova gir støtte til solcelleanlegg. Max Kr 28.700 (for 15 kw anlegg)

  • Ein matar strømmen ein produserer inn på strømnettet, og det ein ikkje klarar å bruke sjølv, får ein betalt for gjennom ein plusskundeavtale med nettselskapet eller strømleverandøren. 

    • Hugs du får best betalt for den strømmen du greier å bruke opp sjølv!

  • Lang levetid på anlegget. Minst 30 år. Panela mister litt av effekten etterkvart, men dei fleste garanterer minst 80% effekt etter 20 år.

  • Mørkaste vinteren gir sjølvsagt ikkje det heilt store utbyttet p.g.a snø på panela og kort dag.

  • Mobilapp gir deg full oversikt over produksjonen

  • Dette er ikkje snarvegen til å bli rik, men eg reknar at anlegget mitt er nedbetalt i løpet av 8 – 10 år litt avhengig av gjeldande strømpris.

  • Har du EL-bil kan du produsera alt drivstoffet du treng til bilen på taket av garasjen!

 

 

Litt av Installasjon inne på låven, Ein av tre 5 kW inverterar

 

 

 

 

 

                                                                                                                           

Mobilapp må ein ha! Viser 2/3 av min desemberproduksjon

 

    

 

 

 

Skrevet av skurdøling og mjølkebonde, Halvor Gauteplass.

 

 

 

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Følg oss
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2017 av Skurdalen Bu- og Bygdelaug