November 20, 2018

October 24, 2018

February 8, 2018

January 25, 2018

Please reload

Siste innlegg

Hvorfor velge Skurdalen?

July 5, 2019

1/5
Please reload

Utvalgt innlegg

Hvorfor velge Skurdalen?

July 5, 2019

Her kommer en liten hilsen fra de nyeste Skurdølingene vi har. De forteller litt om det å ta sjansen, hoppe i det og følge drømmen. 

 

Les og la deg inspirere .....


Me er ein familie på 3 som i vår bestemte oss for å flytte til fjells. Me hadde lenge sett etter ein plass å flytte til med meir stabil vinter og natur utanfor dørene. Me oppdaga byggefeltet "fjelljom" på finn.no og synest at dette såg veldig spennande ut. Det å bestemme seg for å flytte frå trygge og kjente omgivelsar er eit tøft val, men me tenkte at dette me ville prøve. Me la huset vårt ut for sal og pakka med oss det mest nødvendige, to malamuter og vår dotter på 5 mnd. 
 

Å få seg jobb i Hol var ikkje noko problem. Eg er lærar og sambuaren min er forskalingssnikkar. Då han fekk jobb bestemte me oss for å flytte. Å få plass å bu i Skurdalen var heller ingen problem, det fekk me god hjelp til. Folk her oppe er hjelpsame og imøtekommande. 
 

Eg er i barselpermisjon og har allereie vore på fleire kjekke treff på helsestasjonen på Geilo. Kvar veke treffest mødrer og fedre til babybading, barseltreff, song i kyrkja og andre kjekke arrangement. Her er ikkje vanskelig å bli kjent med andre i samme situasjon. 
 

Til no trivst me veldig godt i Skurdalen. Kort veg til Geilo med eit sentrum som inneheld det meste ein skulle trenge og Skurdalen med sine uendelege turområder er ein god kombinasjon. Me gler oss til vinteren kjem og me kan spenna på oss skia frå husdøra. Me håpar fleire tørr å gjere det same som oss, for her er plass til fleir.
 

Elisabet, Marius og Vilde (5 mnd). 
 

Velkomen til fjells! 😊

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

Følg oss
Please reload

Søk etter tags
Please reload

Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2017 av Skurdalen Bu- og Bygdelaug